Nynorskbar tysdag 7. februar

Publiseringsdato: Feb 01, 2017 12:34:39 PM

Nynorskbar hyllar engasjement for nynorsk på Vestlandet

Nynorskbar er imponert over det store engasjementet som vart vist i haust, då fylksetingspolitikarane vurderte å avslutta ordninga med nynorsk som offentleg tenestemål på Vestlandet. Alle de som hjelpte til med å gjera saka synleg, anten det var ved å diskutera den med vener og kjende, eller om de var med og uttalte dykk i høyringa, fortener ei stor takk og ei ordentleg feiring.

Til saman vart det skrive 705 høyringssvar for nynorsk og mange av desse var kreative, humoristiske, oppglødande og ikkje minst velskrivne. Difor inviterer Nynorskbar til framføring/høgtlesing av fråsegner og hyggeleg lag. På Logen Bar som vanleg.

Kl. 19:30

Inngang: Gratis denne gongen!

VEL MØTT!