Nynorskbar 1. november

Publiseringsdato: Oct 24, 2016 1:25:18 PM

Neste tysdag er 1. november og me startar månaden målfriskt med Nynorskbar på Logen Bar. Ingvild Brügger Budal kjem for å snakka om språkstimulering i barnehagen, kjem du for å høyra på?

Les vidare om du vil vita meir om innhaldet:

Kvart år byrjar om lag 7750 born i barnehagar i nynorske skulekrinsar, born som skal ha nynorsk som opplæringsmål når dei startar på skulen. Desse borna treng å møta sitt eige skriftspråk så tidleg som mogeleg, altså frå dei tek til i barnehagen. Særleg viktig har dette vorte i og med ulike satsingar på tidleg innsats med språk dei siste åra- Barnehagelærarar og barnehagelærarutdannar i nynorskområde opplever nok at tidleg innsats med språk i barnehagen i praksis tyder tidleg innsats med bokmål. Ulike typar lesestoff, meir eller mindre kommersielle didaktiske utstyrs- og språkpakker, spel (inkludert data-), filmar, app-ar osb. som vert nytta i barnehagane, er i stor grad på bokmål – òg i nynorskområda. Dette får rimelegvis konsekvensar for dei framtidige nynorske borna sine språklege sjølvbilete og for ferdigheitene deira i fyrsteskriftspråket. Med utgangspunkt i bokprosjektet Nynorsk med dei minste (red. Bjørhusdal og Budal), skal Ingvil Brügger Budal, fyrsteamanuensis i norsk ved NLA Høgskolen, snakka om nynorsk språkstimulering i barnehagen.