Nynorsk pub på Nynorskdagane i Alver

Publiseringsdato: Sep 16, 2019 1:59:19 PM

Nynorskdagane i nye Alver kommune er opna, og Meland og Alversund feirar nynorsken med pub og konserten "Translasjonar - populærmusikk på norsk". Dette finn stad fredag 20. september på Folkemunne kafé i Knarvik Senter, og det kostar 100 kr å vera med (i døra eller via ticketco).

Meir om programmet:

Nynorsk pub frå klokka 19.30

Konsert med "Smooth Operators" frå kl. 20.00. Dei urframfører eit tingingsverk med utanlandske songar frå populærmusikken, men med tekst omsett til norsk.

Etter konserten vert det kviss og allsong

Det vert seld drikke og smårettar